Familie

Anne Karin Moldekleiv med hele flokken sin

Da var de to første månedene i året passert, og begge månedene med omsetningsøkning for Studio Nordhordland sammenlignet med de samme månedene i fjor. Det har gått over all forventning etter ombyggingen av butikk/studio, og det er godt å se at det fungerer så bra. Tusen takk til alle våre kjekke kunder som støtter oss, og som gjør at vi kan ha en fotograf/rammebutikk i Knarvik. Bare siden jul har det vært 15 fine familier her til fotografering. En av de var stilige Anne Karin Moldekleiv med hele flokken sin. Anne Karin hadde fått fotografering i 70-års gave fra sine tre barn, og de var her og hentet det flotte familiealbumet i dag.

Familie

Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio

Som lokal fotograf i snart 40 år kjenner eg mange av kundene mine, og har av og til historier som kan knyttast saman med dei på ein eller annan måte. Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio mitt med heile storfamilien rundt seg. På 90-talet hadde eg studioet i Isdalstø, og då jobba Aud i posten og var postdama mi. Dette var forresten i den tida då ein kunne lita på posten. Min gode ven Inge Kolstad var ambulansesjåfør. Ein dag han hadde vakt på sjukebilen og det var ingen ting å gjere, tenkte han at han kunne stikke rett innom og helse på meg. Inge rygga sjukebilen heilt inn til døra mi i Isdalstø, slik at det skulle vera lett for han å rykke ut om det skulle vera naudsynt. Aud kom med posten og såg sjukebilen stod der heilt inn til døra. Ho tenkte det verste, kva er det no som har skjedd hjå fotografen. Eg såg at ho kom, og sa til Inge at no ville eg gjera postdama mi eit lite pek. Eg la meg ned på golvet og skreik og hylte, og lata som om eg hadde fått eit illebefinnande. Då Aud opna døra og såg dette, heiv ho posten frå seg, og forfjamsa for ho ut att med ein gong. No er fotografen ferdig, tenkte ho oppi dette kaoset, i det ho sprang mot postbilen sin. Eg måtte opna døra og rope etter ho, og seie at det heile var ein spøk frå mi side. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv er det visst noko som heiter Kjekt å fotografere deg i romjula Aud, der du sit som ei dronning blant dine barn, svigerbarn og barnebarn. Flott familie.

Familie

Kolbjørn Tveit

Kjekt oppdrag på Alver Hotel i ettermiddag. Kolbjørn Tveit fylte 80 år torsdag 7. september, og i dag hadde han samla familie og vener til fest. Heile 65 personer skulle dei vera rundt bordet, og eg var leigd inn for å fotograferte jubilanten saman med næraste familie før alle dei andre gjestene kom. Ein staut 80-åring må eg seie, og med si alltid like blide kone Kirsti Tveit er dei eit flott par.

Portrett

Wenche og Rune Stiansen

Ny mnd nye muligheter. Då var vi ferdig med dei fire første mnd i 2024, og samtlige mnd har gitt auke i omsetnaden i forhold til den same mnd i fjor (opp 55 % i april). Tusen takk til alle mine gode kundar som støtter opp om den lokale fotografen/rammemakeren. Fantastisk kjekt å sjå at det nye fotostudioet har blitt så godt mottatt. Gåvekorta som vi solgte på tilbod før jul hadde varigheit ut april mnd, så det har vore spesielt mange familiefotograferinger den siste tida. Dei fleste som kjem her i studio er nordhordlendinger, og mange av dei har eg ein eller annan relasjon til frå før. Av og til kjem det folk frå “hi sio tå brunæ”, sånn som Wenche og Rune Stiansen. Wenche kjem frå Odda og Rune er kjuagutt frå Bergen. Dei budde lenge på Øvsttun i Fana, men har no etter at dei vart pensjonistar kjøpt seg ein ny og flott leilegheit i Os. Dei fortel at mange av naboane på Øvsttun brukte å handle på Lagunen. Sjølve la dei som oftast handleturen til Os, og slik vart det til at Wenche og Rune valgte Os då dei skulle selge og kjøpe nytt. Takk for at dere tok turen over flytebrua og til Knarvik for å bli fotografert.

Portrett

Helge Nilsen

Hatt ein kjekk søndag i gråværet. Først var det familiefotografering i studio med 17 personer, og etterpå hadde eg avtale med entertaineren og musikeren Helge Nilsen. Det som mange kanskje ikkje er klar over er at Helge Nilsen også er tidlegare fotballspelar. Han spelte på A-laget til Brann i 1964 saman med Kniksen og Pesen, og var tilbake igjen i Brann til 71-sesongen. Helge Nilsen fyller 80 år i haust. Han vart fødd på Laksevåg i Bergen 4. oktober 1944, akkurat same dagen som Holen skole vart bomba og nesten 200 sivile vart drepne, derav 61 skuleborn.

Portrett

Endre Blindheim

Endre Blindheim (født 1947) spelte i Brann frå 1969-76, berre avbrutt av 72-sesongen då han gjekk på skule i Oslo og spelte for Skeid. Det året møttest Brann og Skeid til dyst i Bergen allereie i andre serierunde. Det kom eit høgt innlegg inn i feltet og Blindheim gjekk i duell mot sine gamle lagkamerater, midtstopper Atle Bilsback og keeper Oddvar Træen. Lysluggen Blindheim var kjend som ein god hodespelar og raga høgt i feltet, men såg fort at han ikkje ville nå ballen. Som ein refleks rakk han opp armen og slo ballen i mål. Dommar Kaare Lindboe frå Vidar godkjende målet. Blindheim blei med det matchvinner for bortelaget på si gamle heimebane, etter ei omdiskutert scoring som gamle Brann-supportere framleis kan diskutere når dei treffest. Endre Blindheim avslutta si aktive karriere i Brann sommaren 1976, det same året som rødtrøyene blei cupmester etter å ha slått Sogndal 2-1 på Ullevaal. Blindheim hadde nok kamper i dei innleiende rundane til å bli cupmester. Trener Bill Elliott ville likevel gje han ei verdig avskjed framfor eit entusiastisk heimepublikum, og derfor vart Blindheim bytta inn for Bjørn Tronstad på slutten av kampen i semifinalen mot Odd heime på Brann Stadion, i ein kamp bergenserne vant 3-0. Bildet av Endre Blindheim er fotografert på Laksevåg i Bergen langfredag (29. mars) 2024.

Portrett

Gabriel Høyland

I dag tidleg fekk eg ein artig telefon: “Hei, det er Gabriel Høyland frå Bryne her”. Då hadde han fått boka mi om fotball-heltene frå dei glade 70-åra i gåve frå søstera si (bestemor til Erling Braut Haaland). Kvar søndag formiddag er Gabriel programleiar for ein nærradio på Bryne. Han lurte på om eg ville vera med på ei direktesending på radioen ein times tid seinare, og fortelje litt om fotballboka og korleis eg gjekk fram for å få dette til. Gabriel fortalte at han kjende omtrent alle spelarane som var portrettert i boka, og at han synes det var så artig å sjå korleis dei såg ut i dag. Dette var skikkeleg gøy. Ikkje så ofte eg får telefon frå ein fotballspelar av eit slikt kaliber. Gabriel Høyland er for meg ei klubblegende på linje med Kjetil Hasund og eit fåtall andre spelarar som framleis er i live, hakket rett under Tom Lund.

Portrett

Bjarte Flem

Sunnmøringen Bjarte Flem (født 1958) er ein av dei store kultheltane vi har hatt i norsk fotball. Han var Tromsø-keeper då han gjorde eit spektakulært sjølvmål i ein direktesendt tippekamp mellom Tromsø og Sogndal i 1988. Bjarte hadde plukka opp ballen med høgre handa si og skulle til å kaste den ut til ein medspelar på venstre back, då han brått oppdaga at denne medspelaren var markert av ein motspelar. I siste liten ombestemte han seg, men då glapp ballen ut av hendene hans og inn i eige mål. Hendiga kom på forsida i alle dei store riksavisene, og vart sendt på TV-kanaler verden rundt. Då Bjarte hadde lagt hanskene på hylla i 1990 vart han overtala til å ta ein sesong mellom stengene på Myking/Kløvheim i 6. divisjon mot at han skulle få ein hyttetomt på Sævråsvåg som kompensasjon. Bjarte fortel i dag at han ikkje fekk byggeløyve på tomten, så derfor vart han aldri feriegjest i Nordhordland slik det var tenkt. Bildet av den gamle keeperkjempen er fotografert i dag 5. februar 2024. PS: Er det andre enn eg som synes det er nokke John Cleese look-alike her?

Portrett

Oddvar Husa

I dag har eg hatt besøk av Oddvar Husa (fødd 1943) frå Fedje. Han representerer siste generasjon kvalfangarar frå den vesle øya, og hadde mange artige historiar å fortelje etter eit langt liv som fangstmann. Då dei kjøpte båten “Feie” i 1978 var det fire eigarar og eit mannskap på sju. Alle desse sju var ekte fedjingar. Oddvar fortel at dette var i storhetstida til karane. Heile mannskapet hadde flust med ungar, og alle ville dei vera til stades på hamna då pappaene skulle ut på tokt. Om dei hadde fem ungar kvar så blir det 35, og med vener i tillegg kunne det fort bli opp mot 50 ungar som stod på kaien og tok farvel. Oddvar seier han hugsar ein gong det var ein kontrollør til stades før dei skulle leggja ut frå Fedje. Kontrolløren synes det var heise med ungar til stades, men Oddvar og kompani sa berre at dette var ungane deira. Den gamle fangstmannen lo godt då han fortalde dette. Oddvar er gift med tidlegare ordførar Vilgjerd Storset Husa. De bur fortsatt på Fedje, men har og kjøpt seg ei leilegheit i Knarvik. Takk for praten Oddvar, dette var kjekt og lærerikt.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen