Wenche og Rune Stiansen

Ny mnd nye muligheter.

Då var vi ferdig med dei fire første mnd i 2024, og samtlige mnd har gitt auke i omsetnaden i forhold til den same mnd i fjor (opp 55 % i april). Tusen takk til alle mine gode kundar som støtter opp om den lokale fotografen/rammemakeren. Fantastisk kjekt å sjå at det nye fotostudioet har blitt så godt mottatt. Gåvekorta som vi solgte på tilbod før jul hadde varigheit ut april mnd, så det har vore spesielt mange familiefotograferinger den siste tida.

Dei fleste som kjem her i studio er nordhordlendinger, og mange av dei har eg ein eller annan relasjon til frå før. Av og til kjem det folk frå “hi sio tå brunæ”, sånn som Wenche og Rune Stiansen. Wenche kjem frå Odda og Rune er kjuagutt frå Bergen. Dei budde lenge på Øvsttun i Fana, men har no etter at dei vart pensjonistar kjøpt seg ein ny og flott leilegheit i Os. Dei fortel at mange av naboane på Øvsttun brukte å handle på Lagunen. Sjølve la dei som oftast handleturen til Os, og slik vart det til at Wenche og Rune valgte Os då dei skulle selge og kjøpe nytt. Takk for at dere tok turen over flytebrua og til Knarvik for å bli fotografert.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen