Oddvar Husa

I dag har eg hatt besøk av Oddvar Husa (fødd 1943) frå Fedje. Han representerer siste generasjon kvalfangarar frå den vesle øya, og hadde mange artige historiar å fortelje etter eit langt liv som fangstmann. Då dei kjøpte båten “Feie” i 1978 var det fire eigarar og eit mannskap på sju. Alle desse sju var ekte fedjingar. Oddvar fortel at dette var i storhetstida til karane. Heile mannskapet hadde flust med ungar, og alle ville dei vera til stades på hamna då pappaene skulle ut på tokt. Om dei hadde fem ungar kvar så blir det 35, og med vener i tillegg kunne det fort bli opp mot 50 ungar som stod på kaien og tok farvel. Oddvar seier han hugsar ein gong det var ein kontrollør til stades før dei skulle leggja ut frå Fedje. Kontrolløren synes det var heise med ungar til stades, men Oddvar og kompani sa berre at dette var ungane deira. Den gamle fangstmannen lo godt då han fortalde dette. Oddvar er gift med tidlegare ordførar Vilgjerd Storset Husa. De bur fortsatt på Fedje, men har og kjøpt seg ei leilegheit i Knarvik. Takk for praten Oddvar, dette var kjekt og lærerikt.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen