Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio

Som lokal fotograf i snart 40 år kjenner eg mange av kundene mine, og har av og til historier som kan knyttast saman med dei på ein eller annan måte.

Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio mitt med heile storfamilien rundt seg. På 90-talet hadde eg studioet i Isdalstø, og då jobba Aud i posten og var postdama mi. Dette var forresten i den tida då ein kunne lita på posten. Min gode ven Inge Kolstad var ambulansesjåfør. Ein dag han hadde vakt på sjukebilen og det var ingen ting å gjere, tenkte han at han kunne stikke rett innom og helse på meg. Inge rygga sjukebilen heilt inn til døra mi i Isdalstø, slik at det skulle vera lett for han å rykke ut om det skulle vera naudsynt. Aud kom med posten og såg sjukebilen stod der heilt inn til døra. Ho tenkte det verste, kva er det no som har skjedd hjå fotografen. Eg såg at ho kom, og sa til Inge at no ville eg gjera postdama mi eit lite pek. Eg la meg ned på golvet og skreik og hylte, og lata som om eg hadde fått eit illebefinnande. Då Aud opna døra og såg dette, heiv ho posten frå seg, og forfjamsa for ho ut att med ein gong. No er fotografen ferdig, tenkte ho oppi dette kaoset, i det ho sprang mot postbilen sin. Eg måtte opna døra og rope etter ho, og seie at det heile var ein spøk frå mi side. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv er det visst noko som heiter

Kjekt å fotografere deg i romjula Aud, der du sit som ei dronning blant dine barn, svigerbarn og barnebarn. Flott familie.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen