Gabriel Høyland

I dag tidleg fekk eg ein artig telefon:

“Hei, det er Gabriel Høyland frå Bryne her”.

Då hadde han fått boka mi om fotball-heltene frå dei glade 70-åra i gåve frå søstera si (bestemor til Erling Braut Haaland). Kvar søndag formiddag er Gabriel programleiar for ein nærradio på Bryne. Han lurte på om eg ville vera med på ei direktesending på radioen ein times tid seinare, og fortelje litt om fotballboka og korleis eg gjekk fram for å få dette til. Gabriel fortalte at han kjende omtrent alle spelarane som var portrettert i boka, og at han synes det var så artig å sjå korleis dei såg ut i dag. Dette var skikkeleg gøy. Ikkje så ofte eg får telefon frå ein fotballspelar av eit slikt kaliber. Gabriel Høyland er for meg ei klubblegende på linje med Kjetil Hasund og eit fåtall andre spelarar som framleis er i live, hakket rett under Tom Lund.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen