0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Familie

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Portrett

        I dag var Rønnaug og Rolf Dieseth inne og bestilte ein panorama-forstørrelse.

        Rolf har nyleg hatt 75-års dag, og då fekk han gavekort på familiefotografering frå barn og barnebarn. Rønnaug og Rolf bygde hus i Lyngmarka i Alvermarka i 1982. I 2017 solgte dei einebustaden og kjøpte seg heller ein lettstelt leilighet i Isdalstø. Der har dei fin utsikt med sjø på alle kanter, og ei badestrand rett utanfor stovevindauget. Bildet skal rammes inn med passepartout og kunstglass, og med enkel sort ramme rundt. Det blir nok flott i den stilige leiligheten ved sjøen i Isdalstø. Takk for bestillingen Rønnaug og Rolf, og for at eg fekk lov til å legge bildet ut på Facebook.

        Familie, Familiefotografering, Portrett

        Kjekt at kundene er klar med ein gong eg er tilbake frå ferie. I dag, sjølv om det er søndag, var Torill Akselsen og Sigmund Hagesæter i fotostudio med heile flokken sin.

        Dei har henholdsvis 70 -og 75-års dag i løpet av året, og hadde stor feiring med 60 gjester på Dampen i går kveld. Sonen Magne bur i Bergen med sin familie. Den andre sonen, Kristian, bur i Kristiansand med kone og barn. Derfor var det viktig å få tatt nokre bilder i dag når alle kunne samlast, før Kristian og kona Maren tar fatt på den lange køyreturen tilbake mot det blide Sørlandet. Torill og Sigmund bur på Leiknes og har vore gode kunder hjå meg i mange år. Dei var her og tok familiebilder i romjula 2020 òg, men sidan den tid er det komt ein tilvekst med to nye barnebarn i familien. Det var då eg kom på den vitsen om ho bestemora som begynte med p-piller for ho ville ikkje ha fleire barnebarn. Tog du an

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Portrett, Success

        Her er gjengen som var på fetter -og kusinetreff på Rubbestadneset i går, i huset etter besteforeldra våre Bernt Magnus Stangervaag Solvang (1891-1978) og Maren Kathrine Stokka (1895-1939).

        Vi var 16 stk rundt bordet, 11 søskenbarn og fem partnere. Bak frå venstre: Arne, Bjørn, Dag Inge, Egil, Alf, Terje, Terje og Jostein. Framme: Elisabeth, Maren, Brit, Anne-Marie og Wenche. Heilt fremst sit ungdommene Irene, Eli og Bjørg.

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Kjæledyr, Portrett

        I dag var Sigrid Tvedt og dottera Randi her i studio og blei fotografert saman med hunden Bamse.

        Randi og Bamse budde mange år på Stord, men var ofte på besøk hjå Sigrid på Fjellsbø ved Hundvin. Der likte hunden seg så godt at han ville ikkje tilbake til Stord. Etterkvart byrja Sigrid å ha Bamse ei veke i slengen, og til slutt solgte Randi på Stord og flytta til Fjellsbø. Sigrid fortel at hunden hoppa og sprang og rulla seg rundt på bøen av rein glede då den var på Fjellsbø. Ikkje nok med det. No har Sigrid fått utlevert over 30 pinnsvin frå ein organisasjon som prøver å ta vare på den utrydningstrua dyrearten (dyreorganisasjonen har namnet Arken). Det hadde aldri vore pinnsvin på Fjellsbø før, men no er dei der i hopetal. Sigrid fortel at dei kjem fram kvar kveld i 23.30-tida då ho mater dei med tørrfor kattemat. Mangler nokre av dei rundt matskåla så går Bamse og henter dei. Han kjem ikkje med dei i kjeften, men står og bjeffer og roter med labben slik at Randi eller Sigrid kan hente dei fram til matskåla. Fantastisk kjekk kvardagshistorie synes no eg

        Bryllup, Familie, Fotografering

        I dag var det fotografering av eit nytt brudepar då Sanne og Brigt vart vigde i Knarvik kyrkje.

        Far til Sanne, Ståle Juvik Hauge, har vigselrett som politiker. Han vigde paret i underetasjen i kyrkja kl 12, og ein time etterpå var det prest Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn sin tur oppe i kyrkja. Gift to gonger på ein time, då er no dette ekteskapet sikra skulle ein tru. Sanne og Brigt vart altså gift på bryllupsdagen til Sonja og vår nyleg avdøde konge Harald V. Sonja og Harald gifta seg på denne datoen for 58 år sidan. Foreldra til Sanne, Ståle og Siw S Hauge, har eg kjent i mange mange år. Eg hugsar då eg vart tilsett som fotograf hjå Hauge Foto for 41 år sidan, heilt tilbake i 1985, at Svein Hauge presenterte meg for brørne Ståle og Steinar Hauge. Han sa til meg at desse to karane hadde nøkkel til butikkdøra, for dei hadde vekteroppdrag, og hadde lov til å gå inn på lunsjrommet vårt og koke seg litt kaffi på nattestid. Bror til Ståle, altså Steinar Hauge som døydde så brått for nokre år sidan, var eg dessutan i sivilforsvaret saman med. Veldig kjekke folk. Ståle som har ein finger med i så mykje, hadde ordna med brannmann Arild Haukeland, slik at eg kunne stå på taket av brannbilen då heile gjengen skulle fotograferes på trappa utanfor kyrkja. Tusen takk Sanne og Brigt for at eg fekk lov å legge ut ein liten smakebit frå fotoserien her på Facebook, og lykke til med festen utover kvelden.

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Portrett

        Då Christel Røyseth Odland nyleg fylte 50 år ønskte ho seg berre ein ting til bursdagen, nemlig at heile familien vart samla til fotografering.

        Som sagt så gjort, dottera kom innom meg og kjøpte eit gavekort på familiefotografering før ferien. Eg fotograferte Christel og søstera Linda for 40 år sidan og, heilt tilbake i 1986, då dei var 5 og 10 år gamle. Christel fniser godt når ho snakker om bildet som heng over sofaen på veggen heime hjå foreldra på Skurtveit. Dei hadde rosa skjorter og var heilt kortklipte begge to. Foreldra Jorunn og Tore har nett hatt gullbryllup, så det passet fint med familiefotografering i år. I dag har dei vore innom og bestilt forstørrelser. Tusen takk for at eg får legge ut nokre smakebiter her på facebook. Skikkeleg gøy å bli kjent med den blide og samansveisa familien.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen