Endre Blindheim

Endre Blindheim (født 1947) spelte i Brann frå 1969-76, berre avbrutt av 72-sesongen då han gjekk på skule i Oslo og spelte for Skeid. Det året møttest Brann og Skeid til dyst i Bergen allereie i andre serierunde. Det kom eit høgt innlegg inn i feltet og Blindheim gjekk i duell mot sine gamle lagkamerater, midtstopper Atle Bilsback og keeper Oddvar Træen. Lysluggen Blindheim var kjend som ein god hodespelar og raga høgt i feltet, men såg fort at han ikkje ville nå ballen. Som ein refleks rakk han opp armen og slo ballen i mål. Dommar Kaare Lindboe frå Vidar godkjende målet. Blindheim blei med det matchvinner for bortelaget på si gamle heimebane, etter ei omdiskutert scoring som gamle Brann-supportere framleis kan diskutere når dei treffest. Endre Blindheim avslutta si aktive karriere i Brann sommaren 1976, det same året som rødtrøyene blei cupmester etter å ha slått Sogndal 2-1 på Ullevaal. Blindheim hadde nok kamper i dei innleiende rundane til å bli cupmester. Trener Bill Elliott ville likevel gje han ei verdig avskjed framfor eit entusiastisk heimepublikum, og derfor vart Blindheim bytta inn for Bjørn Tronstad på slutten av kampen i semifinalen mot Odd heime på Brann Stadion, i ein kamp bergenserne vant 3-0.

Bildet av Endre Blindheim er fotografert på Laksevåg i Bergen langfredag (29. mars) 2024.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen