2
  • Varen er lagt i handlekurven
2
Din handlekurv
Bok: Biler i Norge før 1970, Bind 2
2+ Kunder har kjøpt dette
Biler i Norge før 1970, Bind 2
Pris:kr 399,00
- +
kr 399,00
Biler i Norge før 1970, Bind 1
Pris:kr 399,00
- +
kr 399,00
    Beregn frakt
    Fraktalternativer vil bli oppdatert i kassen.
    Bruk kupong
      Andre bøker fra Arne Årseth

      Kultur

      Kultur, Nettbutikken, Ukategorisert

      Nytt år – nye muligheter

      2024 var eit godt år, og no er vi inne i jubileumsåret mitt. Tenk at det er 40 år sidan eg byrja som fotograf i Knarvik. Og for ei reise det har vore… Kvar mnd i jubileumsåret vil det bli lagt ut eit spesialtilbud. Denne mnd kan du kjøpe boka om våre gamle fotball-helter til halv pris. Boka kan også kjøpast gjennom nettbutikken

      Familie, Konkurranse, Kultur, Nettbutikken, Ukategorisert

      Konkurranse.

      Kven skulle tru at det første året etter ombygginga skulle gje auke i omsetnaden?  Allereie med eit par dager igjen av året kan vi no konstatere at 2024 blir eit solid år, med fin omsetningsauke i forhold til året før. Dette gjer at eg får lyst til å gje noko tilbake. Skriv ein kommentar og bli med i trekninga av den nye boka «Gamle bilder frå Nordhordland» Bind III. Det blir trukket fem vinnarar frå kommentarfeltet som får kvar si bok. Trekninga blir på nyttårsafta, og alle vinnarane blir kontakta.

      Kultur

      Foredrag med «Der ingen skulle tru» Oddgeir Bruaset

      Flott foredrag med «Der ingen skulle tru» Oddgeir Bruaset på biblioteket i Knarvik i kveld. Han skreiv eit kapittel i boka mi «Hundreåringar i Vestland» som kom ut for eit par år sidan. Eg har snakka med han i telefonen tidlegare, men no var det kjekt å treffe han ansikt til ansikt. Eg gav Bruaset`en eit eksemplar av boka mi «Fotball-helter fra de glade 70-årene». Den er kjekk å bla i når han kjem på hotellrommet sitt. Foto: Den allestedsværende Eli Pugerud

      Kultur

      NBK sine A-lagsspelarar

      I går var eg heldig og fekk vera med då NBK sine A-lagsspelarar frå dei glade 80-åra hadde mimrefest i Finnegården i Bergen. Her var det 3-retters middag, mimring og gode historier, og latteren sat laust hjå dei aldrande fotballspelarane då dei møttest. Bak frå venstre: Magne Legernes, Jostein Nesse, Roald Vatnøy, Petter Lingjerde, Terje Årseth, Terje Kleivdal, Arvid Johannessen og Gunnar Klementsen. Midten: Arild Tveit, Ove Årseth, Jan Østenstad (trenar), Ove Morken, Svein Fosse, Bjørn Brunborg og Halvard Miljeteig. Framme: Atle Kleivdal, Arne Kleivdal og Yngve Hallèn.

      Kultur

      Løen Storband

      «Løen Storband» fotografert ved den gamle løen som ligger ved Selegrend Borettslag på Rolland i Åsane. Bandet startet i år 2000 og har navnet sitt fra den restaurerte løen, så her er de fotografert i sine rette omgivelser. En flott og blid gjeng musikere. Takk for oppdraget, og kjekt at dere ble så fornøyde

      Kultur

      Fredriksberg Jazzensemble

      Fredriksberg Jazzensemble har 50-års jubileum i år, og eg ble spurt om å ta foto som skal brukes på jubileumsplakaten. Bildet ble fotografert i går 24. april 2023. Første gang eg fotograferte denne jazzgruppen var i 1987. Bare to av de som var med den gangen spiller fortsatt.

      Kultur

      Familiedag på Solholmen søndag 13. mai

      Søndag 13. mai var det familiedag på Solholmen i anledning den nye boka om Alverstraumen. Fint vær, masse folk og god stemning, gjorde at dette blei ein festdag for både små og store. Over 120 mennesker var på holmen denne fine søndagen. Det var kaffi og vafler å få kjøpt, i tillegg til grillmat og fiskesuppe. Boka «Alverstraumen – ei perle langs den indre farleia» vart godt motteke. Takk til alle som møtte opp, og som var med å gjera denne dagen uforgløymeleg for meg. Her kjem eit utval bilder frå den minnerike dagen.        

      Kultur

      Boklansering på Solholmen

      På lørdag var det fest i sjøhuset på Solholmen for inviterte gjester i anledning den nye boka om Alverstraumen. Hovudhuset på den ærverdige Solholmen.   Dette er Jarle Samuelsen. Det er han som står for drifta av Solholmen i dag.   Leif Walde og kona kom med eigen båt til festen.   Tom Larsen er ein av eigarane av Solholmen. Her saman med sambuaren sin.   Petter H. Fosse og Helge Haugland i god stemning. Helge bur i det flotte Kleivdalhuset i Kvamsvåg.   Britt og Rolf M. Jacobsen. Dei dreiv tidlegare plastproduksjon på kaien i Alverstraumen.   Jimmy og Mona Erstad er eit flott par. Saman med bror sin dreiv han Rognaldsen Bakeri etter foreldra sine.   Tveitakaren Rolf Tvedt er gift med Hilde Rognaldsen frå Alverstraumen.   Rolf Elvik og Terje Årseth er tidlegare klassekamerater.   Tveitakarane Arne Henning Rysjedal og Per Erik Tvedt er også gamle klassekamerater.   Bjørn Årseth og Inge Kolstad var arbeidskollegaer i tida på Nordhordland Kraftlag.   Marit og Hans Tvedt er næraste naboar til bustadprosjektet Alver Brygge på Tveiten.   Karane Werner Hilland og Magnar Fjeld er svograr.   Det flotte paret Petter og Bente Lingjerde klare til fest.   Ove Årseth med kona Janne Dyngeland. Ove hadde bursdag dagen etterpå.   Sveinung Tofting og kona. Dei bur i barndomsheimen hans i Alverstraumen.   Kjell Sellevold og Svein Breistein er søskenborn. Begge bur på Remme.   Gerd-Elin Brekke og Eli Pugerud er arbeidskollegaer.   To fjonge damer klare til fest. Kjersti Alsaker og Grete Wold.   Den glade trubaduren Ove Hilland med sambuar. Til venstre dottera Linda.   Claus Sellevoll er sambuar med Gro Fanebust frå Alverstraumen. I midten far hennar, Geir Fanebust.   Aud Rysjedal frå Tveiten og mannen hennar, Håvard Bjordal.   Jon Didrik Gjellestad saman med kona. Han er son til Anders Gjellestad som var prest i Alversund tidleg på 1960-talet.   Berit Larsen. Foreldra hennar dreiv landhandel i Alverstraumen.   Knut Arne Olsen frå Fagbokforlaget, saman med kona Torill.   Brørne Arne Martin og Atle Håkon Knutsen. Far deira var fabrikkbestyrar på hermetikkfabrikken.   Brørne Arne og Per Henning Helle frå Dale i Sunnfjord. Per Henning var bakar i Isdalstø i åra 1959-1963.   Mette Træland og sambuaren Signar Kristoffersen likte seg godt på festen.   Radværingen Kåre Taule er gift med Oddny Irene frå Alverstraumen.   Brørne Vegard og Bjarte Tofting frå Alverstraumen stod for musikken og sytte for god stemning.   Arne presenterer gjestane.   Petter, Claus og Arne i munter passiar på terassen utanfor sjøhuset.   EI STOR TAKK TIL ALLE SOM VAR MED OG GJORDE DENNE KVELDEN SÅ KJEKK. DET VAR EIN SOM SA AT DET VAR NETT SOM DÅ HAN SÅG RORBUA I TROMSØ PÅ FJERNSYNET 🙂

      Kultur

      Premierte bilder i Laugskonkurransen

      Torsdag 15.februar feiret Bergen Fotograflaug 100-årsjubileum. I den forbindelse var vi først på show med Dagfinn Lyngbø, før vi fortsatte kvelden med god mat og premieutdeling for årets Laugskonkurranse på Hotel Augustin. Det var en hyggelig kveld sammen med gode kollegaer, og vi fikk 3 premierte bilder hver.  

      Kultur

      Brudemesse på Knarvik Senter

      Kjekt å være med på brudemessen på Knarvik Senter i går. Der hadde vi både stand og var fotograf for kvelden. Et bredt utvalg av butikker var tilstede og på scenen ble det flott moteshow. Håper gjestene fant det de ønsket til bryllupsdagen 🙂 Her er et lite utvalg av bilder fra moteshowet.

      Kultur

      Reparerer gamle bilder

      Vi har reprodusert hundrevis av gamle bilder i Studio Nordhordland, og her er noen få av dem. Kunder har fått nye og bedre bilder av sine forfedre og seg selv. Ta med bildene inn til oss, så ser vi på dem sammen.

      Kultur

      Kvamsvåg-helg 19-20.aug

      Lørdag og søndag var det kunstutstilling og boklansering i Kvamsvågen. På lørdag var det eit privat arrangement med inviterte gjestar, medan søndag var eit ope arrangement for heile bygda. Det vart heldigvis fint vær, og oppmøte var over all forventning. Boka om Kvamsvåg blei godt motteke, og det vart solgt over 100 bøker. Her kjem eit utval bilder frå den kjekke helga.   Lørdag Helge opna Kvamsvåg-arrangementet med å synga den flotte visa til Ivar Medaas ` Dar kjem dampen`. Kunstutstillinga i sjøhuset vart formelt opna av Signar Kristoffersen. Det var god stemning i sjøhuset, og gjestane fekk kvar sin velkomstdrink. Munter passiar mellom Petter, Claus og Arne. Bente og Petter Gro og Claus Arne og Eli Mette og Signar Elin og Inge Kurt hadde med seg gitaren sin. Thorolf, Tor-Christian og Ole Christian er etterkomarar frå Kleivdalslekta. Rigmor og Tor-Christian. Birgit og Ole Christian. Per Henning og Bjørg. Eirik W. Astrup og Mette Marei Træland var kunstnarane bak utstillinga i sjøhuset. I bakgrunnen ser du notbua som tilhøyrde Bergen Fiskeriselskap. Rune, Eva og Helge i sofaen. Dei har lenge vore gode vener Intimkonserten til Rune var god å høyra på i den ærverdige villaen. Pianist Rune backstage med ein flott bukett jenter. Det vart god stemning i Kleivdalhuset utover lørdagskvelden   Søndag Mykje folk var møtt opp då Helge Haugland opna eigedomen sin for bygdefolket. Grete var sjef for servering av kaffe og kaker. Det var kaker med bilder frå boka på marsipanlokket. Helge var den første som fekk boka frå Arne. Rune Alver er ein anerkjend pianist med lokal bakgrunn, fødd og oppvaksen i Alverstraumen. Veronika stod for boksalet og såg til at alt gjekk rett føre seg. Det var knytt mykje spenning til boka om Kvamsvåg. Her er det Borghild Sætre som blar i boka.

      Godtfolk på kafè Arne Årseth
      Kultur

      Godtfolk på kafè

      I dag, onsdag 31.mai, opna portrett-utstillinga «Godtfolk på kafè». Utstillinga blir hengande på Sandneskafèen i heile sommar. Det var med stor spenning at pensjonistgruppa venta på å sjå bileta for første gong. Fotograf Arne Årseth laga også ei lita bok med bileta som vart teke. Bjørg Nordland ønskte alle velkomne til dette siste treffet før sommarferien. Det var snorklypping då bileta blei presentert.   Hvis du har lyst til å se alle bileta frå prosjektet, så trykk her.

      Kultur

      Utstilling og boklansering

      Denne helgen har det vært utstilling og boklansering på Galleri Songfuglen i Isdalstø. Under åpningen på fredag var det stappfullt hus og god stemning. Bildene ble godt mottatt, og boken «Minne frå Isdalstø» gikk unna som bare det. Her er noen smakebiter fra helgen. Hilsen Arne Årseth

      Shopping Cart

      Adresse

      Kvassnesvegen 17

      5914 Isdalstø

      Kontakt

      Følg oss

      © Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

      Scroll to Top