0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Bryllup

        Bryllup, Familie, Fotografering

        I dag var det fotografering av eit nytt brudepar då Sanne og Brigt vart vigde i Knarvik kyrkje.

        Far til Sanne, Ståle Juvik Hauge, har vigselrett som politiker. Han vigde paret i underetasjen i kyrkja kl 12, og ein time etterpå var det prest Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn sin tur oppe i kyrkja. Gift to gonger på ein time, då er no dette ekteskapet sikra skulle ein tru. Sanne og Brigt vart altså gift på bryllupsdagen til Sonja og vår nyleg avdøde konge Harald V. Sonja og Harald gifta seg på denne datoen for 58 år sidan. Foreldra til Sanne, Ståle og Siw S Hauge, har eg kjent i mange mange år. Eg hugsar då eg vart tilsett som fotograf hjå Hauge Foto for 41 år sidan, heilt tilbake i 1985, at Svein Hauge presenterte meg for brørne Ståle og Steinar Hauge. Han sa til meg at desse to karane hadde nøkkel til butikkdøra, for dei hadde vekteroppdrag, og hadde lov til å gå inn på lunsjrommet vårt og koke seg litt kaffi på nattestid. Bror til Ståle, altså Steinar Hauge som døydde så brått for nokre år sidan, var eg dessutan i sivilforsvaret saman med. Veldig kjekke folk. Ståle som har ein finger med i så mykje, hadde ordna med brannmann Arild Haukeland, slik at eg kunne stå på taket av brannbilen då heile gjengen skulle fotograferes på trappa utanfor kyrkja. Tusen takk Sanne og Brigt for at eg fekk lov å legge ut ein liten smakebit frå fotoserien her på Facebook, og lykke til med festen utover kvelden.

        Bryllup, Fotografering, Portrett

        Veldig kjekk bryllupsfotografering i dag då Tuva og Ahmed gifta seg i Lindås kyrkje.

        Familien til Tuva, både foreldra og besteforeldra, har vore veldig gode kunder hjå meg i alle år. Presten Ole Marton Ølberg sa under vigsla: «Det er ikke lenge siden jeg konfirmerte deg her i Lindås kirke, Tuva». Då tenkte eg det samme: -det er ikkje lenge sidan eg tok konfirmasjonsbilder av deg i fotostudioet mitt. Kjekt å vera ein kontinuitetsberar i distriktet. Eg er heldig som ofte får fotografere unger når dei blir konfirmert, og konfirmanter når dei gifter seg. Dette var gøy. Lykke til med bryllupsfesten på Dalheim (Hundvin) Tuva og Ahmed.

        Bryllup

        Bryllup Kristin Skråmestø og Geir Johannes Reigstad

        Ynskjer alle mine venner og bekjente ein fin nyttårskveld, og takker for mange fine opplevelser i året som er gått. Sjølv har eg vore ein liten tur på jobb. Seier ikkje nei når sjølvaste Kristin Skråmestø og Geir Johannes Reigstad spør om eg er ledig for eit lite foto-oppdrag. Kristin og Geir gifter seg i dag etter mange år som sambuarar. Klokka 14 var dei hos meg i fotostudio, og kl 18 blir dei vigde på lyngheisenteret på Lygra med den næraste familien til stades. Ingenting er vel kjekkere enn å få vera fotograf i slike høve. Grattis til brudeparet. Eg synes eg er heldig eg…

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen