Dette er Knarvikmil-helga og det har kokt med folk rundt Knarvik i heile dag.
Trur du ikkje at storebror min, Bjørn Årseth, stakk av og blei vinner i sin klasse då (70-74 år). Det er bra gjort å springe 10 km på vel 53 minutt når du har fylt 72 år. Barnebarna er heilt imponert når dei ser alle medaljene som heng på ein knagg i stova hjå bestefaren. Grattis Bjørn, dette var bra…







