Godtfolk på kafè

I dag, onsdag 31.mai, opna portrett-utstillinga «Godtfolk på kafè». Utstillinga blir hengande på Sandneskafèen i heile sommar. Det var med stor spenning at pensjonistgruppa venta på å sjå bileta for første gong. Fotograf Arne Årseth laga også ei lita bok med bileta som vart teke.

Bjørg Nordland ønskte alle velkomne til dette siste treffet før sommarferien.

Det var snorklypping då bileta blei presentert.

Som takk fekk Arne eit par med heimestrikka sokkar frå kafeverten Berit.

Bileta tok seg fint ut på veggen, og Veronika fotograferte under opninga.

Det var musikk ved Jon Martin Skauge og Frank Kvinge.

Alle som var fotografert fekk kvart sitt hefte med bilete.

Arne gjekk rundt og prata med alle og spurte om de likte bileta av seg sjølv.

Her studerer dei bileta nøye. «Alle var veldig fine på bileta utenom meg», var det ei som sa med eit glimt i auge.

I heftet står det navn og alder på den eine sida, og bilete over heile den andre sida.

 

Hvis du har lyst til å se alle bileta frå prosjektet, så trykk her.