0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Fotografering

        Fotografering, Omsetningsauke, Portrett, Success, Ukategorisert

        Då har vi trekt ut fem vinnarar som får kvar sin bokpakke med tre bøker i kvar pakke.

        Det var 479 likes og kommentarer på innlegget om den gode omsetningsauken Studio Nordhordland hadde i august 2026 (opp 27 prosent). Takk til alle som heier. Det er gøy å gje noko tilbake, så dette kjem vi til å fortsette med så lenge pila peiker oppover. Desse fem vart trekt ut og må komme innom butikken vår i Knarvik og hente kvar sin premie: Gro-Beate Dalseng, Marit Henanger, Jorunn Helen Nesheim, Johnny Edvardsdal og Mette M Vetås. Igjen, takk for alle likes, kommenterer og heiarop

        Fotografering, Portrett

        I dag var Heidi Vibeke Nesbø Litangen her med sin Honda Nighthawk 650 1985-modell.

        Mor hennar, Astrid Nesbø Litangen, har lenge ønska seg eit slikt bilde av Heidi på den tøffe sykkelen. For fleire år sidan såg Astrid det stilige bildet av Solveig Oen frå Øygarden med raud skinnjakke og raud motorsykkel, som hang på utstillingsveggen ved Meny i Knarvik Senter. Då bestemte ho seg for at eit slikt bilde ville ho ha av Heidi òg. Som sagt så gjort. Astrid kjøpte gavekort og gav til Heidi i bursdagspresang for nokre år sidan. Grunna sjukehusopphald og litt andre ting, har fotograferingen blitt utsatt til i dag. Heidi bur vekselsvis på Manger og i Skurdalen ved Geilo, saman med forloveden Jarle. Mange kjenner sikkert Heidi frå tida hennar på Hope Auto, bensinstasjonen som låg langs hovudvegen mellom Lindås og Mongstad. Etter eige utsagn er ho ei livlig og sprø jente med godt humør. Det kan eg skrive 100 prosent under på etter denne artige fotoseansen vi hadde i dag. Digger deg Heidi, og flotte bilder blei det. Skikkelig eksosrype

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen