1
  • Varen er lagt i handlekurven
1
Din handlekurv
16+ Kunder har kjøpt dette
kr 399,00
    Beregn frakt
    Fraktalternativer vil bli oppdatert i kassen.
    Bruk kupong

    Familie

    Familie, Konkurranse, Kultur, Nettbutikken, Ukategorisert

    Konkurranse.

    Kven skulle tru at det første året etter ombygginga skulle gje auke i omsetnaden?  Allereie med eit par dager igjen av året kan vi no konstatere at 2024 blir eit solid år, med fin omsetningsauke i forhold til året før. Dette gjer at eg får lyst til å gje noko tilbake. Skriv ein kommentar og bli med i trekninga av den nye boka «Gamle bilder frå Nordhordland» Bind III. Det blir trukket fem vinnarar frå kommentarfeltet som får kvar si bok. Trekninga blir på nyttårsafta, og alle vinnarane blir kontakta.

    Familie

    Kjekt med alle familiene som kjem i studio og fotograferer seg.

    I dag var Ruth og Cato Lyngøy her med heile flokken sin, både barn, svigerbarn og barnebarn. Jamvel eit par katter hadde dei med seg. Cato er frå Leiknes, og han gjekk året over meg på ungdomsskulen i Alversund. På den tida var ikkje ungdomsskulen i Knarvik bygd, så alle elevane frå Leiknes, Hjelmås og Knarvik reiste til Alversund. Eg hugsar Cato som ein god og spenstig fri-idrettsutøver, så eg hadde ikkje akkurat så mykje å stille opp med på 60-meteren mot han. På bildet ser du Ruth og Cato med dei fem flotte sønene sine. Takk for at eg fekk lov å legge ut bildet.

    Familie

    Gratis fotografering 

    Kristin Sveinson og André Skurtveit var heldige og vann både gratis fotografering og album med prøvebilder i eit lotteri arrangert av Kløvheim Skulekorps. Kristin kjem frå Vinje i Telemark, og ho har innført ein artig juletradisjon. Dei kjøper nytt antrekk til heile familien kvart år som passer å ha på julekort. I år var det raud og svartrutete pyjamaser, kjøpt i London tidligere i år. Kristin seier at utfordringa er å finna artige klesplagg som fåes i rett størrelser til både foreldre og borna, Madeleine på to og William på fem. Dette vart hvert fall ein innertier…

    Familie

    Marit og Inge Fotland

    I dag har vi gjort klar bildene til Marit og Inge Fotland frå Valestrandfossen på Osterøy. Dei var her i forrige veke og fotograferte seg saman med den store flokken sin. Denne helga er Marit og Inge på Blømingfestival i Mikkelparken Ferietun i Kinsarvik. Festivalen starta i 1991 og vert rekna for å vera vestlandsmeisterskapet i gamaldans. No må dei dansa og kosa seg der inne i Hardanger i helga, så kjem dei her til Knarvik og henter albumet med alle dei flotte bildene i neste veke. Takk for at eg fekk lov til å legge ut dette fine panoramabildet.

    Familie

    Inger-Johanne og Atle Isdal

    På lørdag var Inger-Johanne og Atle Isdal her og tok familiebilder. Kjekt med kjentfolk i fotostudio. Atle gjekk to år over meg på ungdomsskulen i Alversund, og Jørgen gjekk i klassen over Martin. Det blei mange fine bilder, både med svigerbarn og barnebarn. Eg fekk lov å legge ut dette av Jørgen, Atle, Inger-Johanne og Ailin. Her er det bare å glede seg til prøvebildealbumet.

    Familie

    Margrethe og Håkon Fagna

    I dag har Margrethe og Håkon Fagna vore her og henta bildene sine. Det er blitt ein stor og flott familie, og kjekt å sjå kor fint dei held rundt kvarandre. Takk for at eg fekk legge ut bildet. PS: Håper det store panorama-bildet blei fint på veggen heime.

    Familie

    Kjersti Vikebø Nesse og Rune Nesse med familien

    Kjekt å fotografere Kjersti Vikebø Nesse og Rune Nesse med familien. De har vært her og fotografert barna etter hvert som de ble konfirmert, og da tok vi av og til også noen familiebilder. På dette bildet har familien samme oppstilling som sist de var her i fotostudio. En flott familie, og kjekt med kunder som kommer igjen og igjen. God helg, og takk for at eg fikk legge ut bildet.

    Familie

    Åse Øren med dei tre flotte døtrene sine

    Her er Åse Øren med dei tre flotte døtrene sine. Åse fekk gavekort på familiefotografering til jul, og ho var i fotostudio i går sammen med barn, svigerbarn og barnebarn. Det blei flotte bilder av heile storfamilien. Dette bildet av Åse, sammen med Rønnaug, Lisbeth og Tove Linn, kan vera ein forsmak på det flotte fotoalbumet som venter. Synes det er veldig kjekt med fotografering av familier på tvers av generasjoner, men tar alltid nokre bilder av kjernefamilien i tillegg. Tusen takk for at eg fekk lov å legge ut bildet.

    Familie

    Jorunn Nesse og Roger Solhaug

    Kjekt å sitte å redigere de fine familiebildene som eg fotograferte på søndag. Jorunn Nesse og Roger Solhaug var her i studio med heile storfamilien (17 stk + ein hund). Det blei flotte bilder av heile gjengen, men eg legger ut eit bilde av kjernefamilien. Jorunn gjekk på ungdomsskulen i Alversund to år under meg, og Roger er ein arbeidsbekjent av min gode venn Geir-Arne Torsvik. Det er berre å glede seg til albumet. Takk for at eg fekk legge ut.

    Familie

    Marta Øgaard og Øystein Haugen

    I dag var Marta Øgaard og Øystein Haugen her og fotograferte seg sammen med barna. En flott liten familie. Marta hadde fått gavekort på fotografering fra foreldrene sine i julegave, så nå kan Berit Dale Øgaard begynne å glede seg til å se resultatet. Familien bor i Sædalen, på andre siden av Bergen, men nå var dagen kommet for å ta turen til fotostudio i Knarvik. Marta er barndomsvenninne med datteren min Amalie Dale Årseth. Så nå er altså tiden inne for at vennene til mine barn kommer her og fotograferer flokken sin. Veldig kjekt. Det ble masse fine bilder.

    Familie

    Barna til Elin Folgerø Styve

    Da var vi ferdig med de tre første månedene av 2024, og det var enda en mnd som ga en god omsetningsøkning sammenlignet med den samme mnd i fjor (40% opp). Tusen takk til alle de kjekke kundene eg har, og ikke minst alle de flotte familiene som er her til fotografering. Etter noen dagers skitur på Hardangervidda var det jobbing i studio på skjærtorsdag, og da ble disse kjekke ungdommene fotografert. Det er barna til Elin Folgerø Styve på Hjelmås. Tusen takk for at eg fikk lov å legge ut bildet. Dere kan bare glede dere til å se de andre bildene også.

    Familie

    Linda Lid

    Det er fortsatt fullt kjør med familiefotograferinger i fotostudio her hos oss. I dag var Linda Lid i Knarvik og hentet forstørrelsene sine. Linda kjem frå Eikangervåg i Nordhordland. No bur ho på Straume på Sotra, og der driv ho Galleri Bildøy frå kjelleren heime i huset sitt. Nett no er det fire kvinnelige kunstnere som har bilder hengende i galleriet, og utstillinga vart nyleg opna av ordførar Tom Georg Indrevik. Her ser du Linda i midten med heile familien rundt seg. Tusen takk Linda for at du kom heim til Nordhordland når du skulle ta familiebilder.

    Familie

    Anne Karin Moldekleiv med hele flokken sin

    Da var de to første månedene i året passert, og begge månedene med omsetningsøkning for Studio Nordhordland sammenlignet med de samme månedene i fjor. Det har gått over all forventning etter ombyggingen av butikk/studio, og det er godt å se at det fungerer så bra. Tusen takk til alle våre kjekke kunder som støtter oss, og som gjør at vi kan ha en fotograf/rammebutikk i Knarvik. Bare siden jul har det vært 15 fine familier her til fotografering. En av de var stilige Anne Karin Moldekleiv med hele flokken sin. Anne Karin hadde fått fotografering i 70-års gave fra sine tre barn, og de var her og hentet det flotte familiealbumet i dag.

    Familie

    Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio

    Som lokal fotograf i snart 40 år kjenner eg mange av kundene mine, og har av og til historier som kan knyttast saman med dei på ein eller annan måte. Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio mitt med heile storfamilien rundt seg. På 90-talet hadde eg studioet i Isdalstø, og då jobba Aud i posten og var postdama mi. Dette var forresten i den tida då ein kunne lita på posten. Min gode ven Inge Kolstad var ambulansesjåfør. Ein dag han hadde vakt på sjukebilen og det var ingen ting å gjere, tenkte han at han kunne stikke rett innom og helse på meg. Inge rygga sjukebilen heilt inn til døra mi i Isdalstø, slik at det skulle vera lett for han å rykke ut om det skulle vera naudsynt. Aud kom med posten og såg sjukebilen stod der heilt inn til døra. Ho tenkte det verste, kva er det no som har skjedd hjå fotografen. Eg såg at ho kom, og sa til Inge at no ville eg gjera postdama mi eit lite pek. Eg la meg ned på golvet og skreik og hylte, og lata som om eg hadde fått eit illebefinnande. Då Aud opna døra og såg dette, heiv ho posten frå seg, og forfjamsa for ho ut att med ein gong. No er fotografen ferdig, tenkte ho oppi dette kaoset, i det ho sprang mot postbilen sin. Eg måtte opna døra og rope etter ho, og seie at det heile var ein spøk frå mi side. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv er det visst noko som heiter Kjekt å fotografere deg i romjula Aud, der du sit som ei dronning blant dine barn, svigerbarn og barnebarn. Flott familie.

    Familie

    Kolbjørn Tveit

    Kjekt oppdrag på Alver Hotel i ettermiddag. Kolbjørn Tveit fylte 80 år torsdag 7. september, og i dag hadde han samla familie og vener til fest. Heile 65 personer skulle dei vera rundt bordet, og eg var leigd inn for å fotograferte jubilanten saman med næraste familie før alle dei andre gjestene kom. Ein staut 80-åring må eg seie, og med si alltid like blide kone Kirsti Tveit er dei eit flott par.

    Familie

    Torill og Kjell Atle med familien

    Mandag 14. august fotograferte vi familiebilder av Torill og Kjell Atle Erstad. Då var det ganske nøyaktig 25 år sidan eg tok brudebilder av dei. Det var 22. august 1992 at dei vart vigde i Manger kyrkje. Då var det dobbeltbryllup saman med Arve Erstad og Erna Amanda Tunsberg. Torill er frå Remme i Alverstraumen, medan Kjell Atle er ekte Mangergut. No er dei i syden, og når dei kjem tilbake har vi bilda deira klar.   Slik såg dei ut på brudebildet den 22. august 1992 Slik ser dei ut i dag, 25 år seinare. Like smilande og flotte   Det er ein flott bukett, både foreldre og barn   Dette er eit familiebilde med ein litt meir klassisk oppstilling   Her er enda eit familiebilde, denne gang med kvit bakgrunn   Det har allereie blitt tre barnebarn på dei. Her er heile flokken samla   Flott å sjå så forelska på kvarandre etter 25 år.  

    Tove og Torleif med døtrene sine.
    Familie

    Storfamilien til Tove og Torleif

    Det var kjekt å få Tove og Torleif Bøe på besøk i fotostudio. Dei hadde fått gåvekort på familiefotografering av døtrene sine som presang til gullbryllupet. Tove er frå Bergen, medan Torleif er oppvaksen på Radøy. Dei gifta seg i Manger kyrkje 28. januar 1967, og bygde seg hus i Alvermarka. Gullbryllupsfesten vart halden i Helselagshuset i Alversund, med heile familien til stades. Her er dei med barn, svigerbarn og alle barnabarna sine. Her er alle barnebarna samla på eit bilde. Therese med sin familie. Christin med sin familie. Mette med sin familie. Linda med sin familie. Vibeke med sin familie. Kjernefamilien Det flotte gullbrudeparet. Tove og Torleif med døtrene sine.

    Shopping Cart

    Adresse

    Kvassnesvegen 17

    5914 Isdalstø

    Kontakt

    Følg oss

    © Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

    Scroll to Top