Familie

Familie

Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio

Som lokal fotograf i snart 40 år kjenner eg mange av kundene mine, og har av og til historier som kan knyttast saman med dei på ein eller annan måte. Her sit Aud Kvalheim som ei dronning i fotostudio mitt med heile storfamilien rundt seg. På 90-talet hadde eg studioet i Isdalstø, og då jobba Aud i posten og var postdama mi. Dette var forresten i den tida då ein kunne lita på posten. Min gode ven Inge Kolstad var ambulansesjåfør. Ein dag han hadde vakt på sjukebilen og det var ingen ting å gjere, tenkte han at han kunne stikke rett innom og helse på meg. Inge rygga sjukebilen heilt inn til døra mi i Isdalstø, slik at det skulle vera lett for han å rykke ut om det skulle vera naudsynt. Aud kom med posten og såg sjukebilen stod der heilt inn til døra. Ho tenkte det verste, kva er det no som har skjedd hjå fotografen. Eg såg at ho kom, og sa til Inge at no ville eg gjera postdama mi eit lite pek. Eg la meg ned på golvet og skreik og hylte, og lata som om eg hadde fått eit illebefinnande. Då Aud opna døra og såg dette, heiv ho posten frå seg, og forfjamsa for ho ut att med ein gong. No er fotografen ferdig, tenkte ho oppi dette kaoset, i det ho sprang mot postbilen sin. Eg måtte opna døra og rope etter ho, og seie at det heile var ein spøk frå mi side. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv er det visst noko som heiter Kjekt å fotografere deg i romjula Aud, der du sit som ei dronning blant dine barn, svigerbarn og barnebarn. Flott familie.

Familie

Kolbjørn Tveit

Kjekt oppdrag på Alver Hotel i ettermiddag. Kolbjørn Tveit fylte 80 år torsdag 7. september, og i dag hadde han samla familie og vener til fest. Heile 65 personer skulle dei vera rundt bordet, og eg var leigd inn for å fotograferte jubilanten saman med næraste familie før alle dei andre gjestene kom. Ein staut 80-åring må eg seie, og med si alltid like blide kone Kirsti Tveit er dei eit flott par.

Familie

Torill og Kjell Atle med familien

Mandag 14. august fotograferte vi familiebilder av Torill og Kjell Atle Erstad. Då var det ganske nøyaktig 25 år sidan eg tok brudebilder av dei. Det var 22. august 1992 at dei vart vigde i Manger kyrkje. Då var det dobbeltbryllup saman med Arve Erstad og Erna Amanda Tunsberg. Torill er frå Remme i Alverstraumen, medan Kjell Atle er ekte Mangergut. No er dei i syden, og når dei kjem tilbake har vi bilda deira klar.   Slik såg dei ut på brudebildet den 22. august 1992 Slik ser dei ut i dag, 25 år seinare. Like smilande og flotte   Det er ein flott bukett, både foreldre og barn   Dette er eit familiebilde med ein litt meir klassisk oppstilling   Her er enda eit familiebilde, denne gang med kvit bakgrunn   Det har allereie blitt tre barnebarn på dei. Her er heile flokken samla   Flott å sjå så forelska på kvarandre etter 25 år.  

Tove og Torleif med døtrene sine.
Familie

Storfamilien til Tove og Torleif

Det var kjekt å få Tove og Torleif Bøe på besøk i fotostudio. Dei hadde fått gåvekort på familiefotografering av døtrene sine som presang til gullbryllupet. Tove er frå Bergen, medan Torleif er oppvaksen på Radøy. Dei gifta seg i Manger kyrkje 28. januar 1967, og bygde seg hus i Alvermarka. Gullbryllupsfesten vart halden i Helselagshuset i Alversund, med heile familien til stades. Her er dei med barn, svigerbarn og alle barnabarna sine. Her er alle barnebarna samla på eit bilde. Therese med sin familie. Christin med sin familie. Mette med sin familie. Linda med sin familie. Vibeke med sin familie. Kjernefamilien Det flotte gullbrudeparet. Tove og Torleif med døtrene sine.

Handlekurv

Adresse

Kvassnesvegen 17

5914 Isdalstø

Kontakt

Følg oss

© Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

Skroll til toppen