Flotte innslag frå fleire av dei som er portrettert i boka; Morgan Taule om musikk og livserfaringer, presten Magne Bjørndal om korleis det er å vera blind, fløytespel av Håvard Giezendanner, Bjørn Brunborg om inkludering i nærmiljøet og idrettslaget, Halyna Matvieieva med vakker ukrainsk sang, og ikkje minst flotte musikalske innslag ved vår tidligare ordførar Astrid Aarhus Byrknes og Trond Helland. Alt dette blei losa trygt i land på ein fortreffelig måte av rutinerte Per Byrknes. Tusen takk til forfatter Siv-Merethe Myhr som drog dette flotte arrangementet i gang, og alle medhjelperne våre. Ingen nemt ingen glemt. Då vi i tillegg solgte bøker for nesten 15 000 kroner på eit par timer, må dette seiast å ha vore svært vellykka. Takk òg til publikum som kom og høyrde på. Dette var kjekt. Håper at boka «Folk som oss – KNARVIK» kan vera eit lite bidrag til at Knarvik-bygda etter kvart får den identiteten som Knarvik fortjener.














