Familien til Tuva, både foreldra og besteforeldra, har vore veldig gode kunder hjå meg i alle år. Presten Ole Marton Ølberg sa under vigsla: «Det er ikke lenge siden jeg konfirmerte deg her i Lindås kirke, Tuva». Då tenkte eg det samme: -det er ikkje lenge sidan eg tok konfirmasjonsbilder av deg i fotostudioet mitt. Kjekt å vera ein kontinuitetsberar i distriktet. Eg er heldig som ofte får fotografere unger når dei blir konfirmert, og konfirmanter når dei gifter seg. Dette var gøy. Lykke til med bryllupsfesten på Dalheim (Hundvin) Tuva og Ahmed.










