0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Varegg-gutten Christian Kalvenes (fødd 1977) hadde ein litt spesiell vei på sin fotballkarriere.

        Etter å ha spelt eit par sesonger for Varegg i 3. divisjon, debuterte han på A-laget til Brann allereie som 18-åring i 1995 under Halvar Thoresens ledelse. Men så skulle det gå ti år før han fekk sin neste A-kamp for Brann. I mellomtiden spelte han for Åsane og Sogndal. Kalvenes var tilbake i Brann i 2004, og i august 2006 blei han solgt til skotske Dundee United. Etter to år i Skottland gjekk ferden videre til Burnley i engelsk Championship (nivå 2). Det blei opprykk på første forsøk, og Kalvenes spelte heile kampen då Burnley vant 1-0 over Sheffield United i playoff-kampen på Wembley. Etter eit par sesonger i Burnley var han tilbake i Bergen i 2010 og klar for sin tredje periode i Brann-drakten. Kalvenes la opp som spelar etter 2012-sesongen. Han har utdanning innan økonomi og ledelse, og har sidan 2022 vore dagleg leiar i Sportsklubben Brann. Kjekt at han i sin travle kvardag likevel kunne sette av ein time for å treffe meg. Bildet av Christian Kalvenes er fotografert på Brann Stadion i dag, fredag 14. august 2026.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen