0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Så kjekt å ha familien til Marit og Magnar Hopland i studio i dag.

        Sonen Jan Erik Hopland fekk eit gavekort på fotografering i fjor, men måtte få litt utsettelse på fristen på gavekortet. I dag var han her med dei tre flotte gutane sine, i tillegg til foreldra Marit og Magnar. Magnar Hopland er byggmeister, og fortel at i ungdommen jobba han som bygningsmann på Seim saman med far sin. Dette vart han litt lei av, så tidleg på 70-tallet flytta han til Drammen. Der såg han at det var nokon som averterte hybler til utleige, men Magnar synes at hybelen var i så dårleg forfatning at han måtte innreie den på ny. Etterkvart kom han tilbake til Vestlandet, og i 1981 bygde han seg hus på garden heime i Hønsedalen på Seim medan han budde i det gamle meieriet på Seimskaien. Kona Marit er frisør. Magnar inreidde frisørsalong i kjelleren for ho, og der holdt Marits Frisør til i 38 år. I 2007 bygde han hus til Jan Erik i bustadfeltet Sollia på Seim. Takk for at eg får legge ut eit par bilder her. Eg veit at Marit følger meg på Facebook, så her får du sjå ein liten smakebit av alle dei flotte bildene eg fotograferte i dag.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen