0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        PETTER OG ARNE PÅ SYKKELTURER I NÆRMILJØET.

        I dag parkerte vi bilen ved avkjørselen til Masfjordnes, like før du kjem til den 5 km lange Eikefettunnelen.

        Vi sykla nedover mot Austfjorden og tok av til venstre mot Stall. Då var det bra at vi hadde el-sykler kan du tru, for oppover mot Stall var det bratt skal eg seie deg. Først kjem du til Nedre Stall, og sykler du vegen til endes kjem du til Øvre Stall. Der besøkte vi 93-årige Birger Gjelsvik. Han bur i barndomsheimen sin på Stall med flott utsikt utover Austfjorden. Det var kjekt å sitte i stova til Birger og høyre han fortelje om livet sitt. Alt frå oppveksten på Stall med fisking av sild og brisling i fjorden, tida som læregut på BMV Laksevåg, og ikkje minst då han fekk den overraskende telefonen med tilbud om å bli lærar på skulen i heimbygda. Det er tre hus på Øvre Stall og tre hus på Nedre Stall der det bur fastbuande, i tillegg til nokre hus og hytter som blir brukt som feriehus. Dette vart ein veldig kjekk ettermiddag. Petter hadde aldri vore på Stall før. Han fortel at han hadde sett skiltet fleire gonger nede ved hovudvegen, og ofte lurt på kva plass dette kunne vera. No veit han det. Tusen takk til Birger Gjelsvik for gjestfriheten og måten han tok i mot oss på, og til sonen Asbjørn som kom og fotograferte oss 🙂 

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

        Skroll til toppen