I dag har Magda og Sigmund Sæbø vore i studio og fotografert seg med heile den fine flokken sin. Fleire i denne familien kjenner eg godt frå før, for dei har vore gode kunder hjå meg opp gjennom åra. Sist eg traff Toyni og Even var i sommerferien for eit par år sidan på øya Skrova i Lofoten. Sigmund var òg ein god kunde lenge, men no hadde eg ikkje sett han på fleire år, så det var kjekt å treffe han igjen. At kona hans heiter Magda gjer jo ikkje noko. Det namnet likar eg så godt, for det heitte mor mi òg. Takk for ein artig time i fotostudio folkens.







