0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Magnhild og Ole Lysø

        Magnhild (fødd 1944) og Ole Lysø (fødd 1940) var i studio hos meg i forrige veke og fotograferte seg. Dei gifta seg i Austrheim kyrkje i 1964, og kan altså feire 60 års bryllupsdag til neste år. Ole kjem frå Averøy kommune på Nordmøre der han gjekk første skuleåret, før familien kjøpte seg gard på Austrheim i 1948. Han fortel at han hadde sjølvaste Peder Leithaug som lærar i 1. klassen, og seinare skulle jo dei begge bli markante personligheter i Nordhordland. Peder (1925-2013) var annerkjent innan song, musikk, og som billedkunstnar. Han var lærar på Nordhordland Folkehøgskule i 25 år, før han i 1980 valgte å satse som kunstnar på heiltid. Ole som kjent fagforeningsmann og lokalpolitikar. Han har vore ordførar i Austrheim kommune i fleire perioder, og vart heidra med KS-medaljen då han gjekk av som ordførar i 2011. Magnhild (fødd Høysæter) kjem frå Grove i Norheimsund, noko som tyder midt i Norheimsund sentrum. Ho hadde ei tante på Austrheim som ho besøkte, og slik vart det til at Magnhild og Ole traff kvarandre. Dei bygde nytt hus på Austrheim i 1968, med kafe oppe og overnatting nede, men budde sjølv vidare i gamlehuset i ti år til. Kafeen vart mykje brukt som selskapslokale av folk i nærområdet, til feiring av runde dagar, bryllupsfester, og andre store begivenheter. Handelsreisande som hadde utpakninger av varer i kafeen overnatta ofte i første etasjen i huset. Magnhild og Ole fekk to søner (1967 og -69), og det har etter kvart blitt seks barnebarn i slekta. Dette var kjekke folk å ha i fotostudio.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

        Skroll til toppen