Hilde bur vekselsvis i Asker, Øygardsgrend og i Bergen. I Asker har ho sonen sin og to barnebarn, i Øygardsgrend har ho jobben sin, og i Bergen bur kjærasten. Hilde var kommunalsjef for helse og omsorg i Nore og Uvdal kommune i fleire år, ei tid var ho konstituert kommunedirektør, men frå februar i år var ho tilbake i sin gamle jobb. Ho er nettopp blitt pensjonist, og etter eige utsagn driv ho no og øver seg på pensjonist-tilværet. Øygardsgrend der ho kjem frå er ei lita bygd i Nore og Uvdal kommune med rundt 50 innbyggere, men eigen butikk har dei i den sjarmerende bygda. I Øygardsgrend har ho kjøpt seg eit lite minihus på 45 kvadratmeter med terasse og ein liten kjøkkenhage, og ho ser rett opp til barndomsheimen sin der mor og far bur. Gratulerer Hilde, med det flotte litografiet signert Elling Reitan. Med bustad tre stader har du no mange vegger å henge det. Du får sjå kor det passer best







