0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        I dag var det Gunn og Helge Dyrkolbotn sin tur til å være her med flokken sin og bli fotografert.

        Helge er jo svært aktuell i desse dager som ein av forfatterane til boka om bygda Dyrkolbotn, ei bok som nett er komt i salg. Eg vart kjent med Helge første gong tidleg på 90-talet då eg var i Austrheim og fotograferte til boka «Nordhordland-vegen vidare». Denne familien har vore gode kunder hjå meg opp gjennom åra. Eg har blant anna fotografert alle ungane då dei i tur og orden vart konfirmert. Dessutan er jo Helge fotballinteressert akkurat som meg, og han er alltid blant dei første som skriv seg på bestillingslista når eg har ein ny fotballbok på beddingen. Gunn og Helge er så glade i dei flotte svigerdøtrene sine at dei ville ha eit bilde saman med berre dei. Det var jo ein litt ny vri, men så er jo dette ein flott bukett med jenter òg. Ikkje rart at Helge smiler godt der han sit og gliser med damer rundt seg på alle kanter. Takk for ei kjekk stund i fotostudio. Dette kjem til å bli eit album med mange forskjellige samansetninger, så no er det berre til å glede seg. Takk for at eg får dele eit bilde her inne

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen