Beregn frakt
    Bruk kupong

      I dag var det fotografering av eit nytt brudepar då Sanne og Brigt vart vigde i Knarvik kyrkje.

      Far til Sanne, Ståle Juvik Hauge, har vigselrett som politiker. Han vigde paret i underetasjen i kyrkja kl 12, og ein time etterpå var det prest Tone Marit Øvretveit Dyrkolbotn sin tur oppe i kyrkja. Gift to gonger på ein time, då er no dette ekteskapet sikra skulle ein tru. Sanne og Brigt vart altså gift på bryllupsdagen til Sonja og vår nyleg avdøde konge Harald V. Sonja og Harald gifta seg på denne datoen for 58 år sidan. Foreldra til Sanne, Ståle og Siw S Hauge, har eg kjent i mange mange år. Eg hugsar då eg vart tilsett som fotograf hjå Hauge Foto for 41 år sidan, heilt tilbake i 1985, at Svein Hauge presenterte meg for brørne Ståle og Steinar Hauge. Han sa til meg at desse to karane hadde nøkkel til butikkdøra, for dei hadde vekteroppdrag, og hadde lov til å gå inn på lunsjrommet vårt og koke seg litt kaffi på nattestid. Bror til Ståle, altså Steinar Hauge som døydde så brått for nokre år sidan, var eg dessutan i sivilforsvaret saman med. Veldig kjekke folk. Ståle som har ein finger med i så mykje, hadde ordna med brannmann Arild Haukeland, slik at eg kunne stå på taket av brannbilen då heile gjengen skulle fotograferes på trappa utanfor kyrkja. Tusen takk Sanne og Brigt for at eg fekk lov å legge ut ein liten smakebit frå fotoserien her på Facebook, og lykke til med festen utover kvelden.

      Handlekurv

      Adresse

      Kvassnesvegen 17

      5914 Isdalstø

      Kontakt

      Følg oss

      © Copyright 2026 Studio Nordhordland

      Skroll til toppen