Frå venstre: Bernt Fjordheim, Bjørnar Eide, Ole Feste, Oddvar Eide, Egil Hauge, og framme sirkusdirektøren sjølv Rune «Salo» Salomonsen. Gruppa har ikkje funne sitt eigentlege namn enda, men har spelt dei to siste åra på Knut Fyllingsnes sin sommerfest. Då sit folk i bakkane rundt omkring på den store eigedomen hans, og det seiest at fleire hundre løyste billett på den siste festen no i sommer. «Saloen» har ein draum om å gjenskape litt av magien som var på dei gamle striladansane før i tida. Plutselig opptrer dei på ein plass nær deg. Då må du møta opp om du vil høyre god dansemusikk 🙂





