0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Då eg og Eli hadde stand på julemessa i Austrheim i fjor kom Anne Lise og Jan Ove Vågenes bort og preika med oss.

        Dei kjøpte eit gavekort på familiefotografering, for dei hadde så lyst at Oddlaug Vågenes (mor til Jan Ove) skulle få fotografert seg med heile storfamilien rundt seg. Og i dag har dei vore her. Og ikkje berre det, i dag er det 34 år sidan eg tok brudebilder av Anne-Gunn og Arne Reinhard Vågenes. Dei gifta seg på denne datoen i 1992, og etter fotografering i studioet mitt i Isdalstø vart dei vigde i Alversund kyrkje.

        Oddlaug med pikenamnet Morken, kjem frå Morken på Radøy. Ho vart gift med Svein Vågenes, og dei bygde seg hus i Knarvik i 1972. Svein døydde i 2009. No har Oddlaug vore enke i 17 år, men jammen heldt ho seg godt. Skulle aldri tru at denne dama snart er 82 år. Takk for at eg får lov å legge ut ein liten smakebit av fotograferingen her på Facebook. Du kledde godt den fine silkeblusen Oddlaug. No er det berre å glede seg til det ferdige albumet.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen