For ei stund tilbake fekk eg ei hyggeleg melding frå Monica Kopperdal Hellem.
Ho kjem frå Austrheim, men har busett seg ved Drøbak i Akershus. Hugsar at eg fotograferte Monica i studioet mitt heilt tilbake i 1990 då ho var her og tok russebilder saman med ei venninne. Monica har Bachelor frå University of Arts i London i 2015. Akkurat ti år seinere, altså i fjor, tok ho svennebrevet som fotograf i Norge. Dette var faktisk det siste året ein kunne ta den utdanninga. No får du ikkje svennebrev som fotograf i Norge lenger, no heiter det innholdsprodusent. Du må altså beherske sosiale medier i dag om du skal ta utdanning som fotograf. Monica spurde meg så vennleg om ho kunne få låne studioet mitt når ho skulle heim ein tur, ho hadde så lyst å fotografere det første barnebarnet sitt. Dette synes eg berre var kjekt, då fekk eg nokon å prate fotofag med samstundes. På lørdag vart altså vesle Alma fotografert av mormora si. Her er litt bilder frå fotoseansen, både fine barnebilder av Alma, og litt behind the scenes der du ser dyktige Monica i aksjon.





