Hausten 2023 bygde eg om butikken og fotostudioet, og frå den tid har eg hatt felles lunsjrom med Comfort Knarvik Haugland VVS.
Då vart eg òg kjent med Marius Hammer Sylta som var rørlegger-lærling hjå Haugland. Tidlig på vårparten sat Marius på lunsjrommet og fortalte meg at han var litt spent, for han skulle snart opp til fagprøven. Eg sa til Marius at hvis du består så skal eg ramme inn fagbrevet ditt gratis, som ein liten gest frå meg. For nokre dager sidan traff eg igjen Marius på lunsjrommet, og då sa han: -Arne, hugsar du kva du sa til meg i vår? Eg måtte tenkje meg litt om, men Marius kjem meg i forkjøpet med sitt lune og sjarmerende smil: -du sa at du skulle ramme inn fagbrevet mitt gratis. Klart eg gjer det, seier eg tilbake. Marius var ikkje fylt 19 år då eg vart kjent med han for første gong, og no står han der som 22-åring, med svennebrev, fast jobb, og sertifikat på både bil og motorsykkel. Er det ikkje flott då… 🙂





