0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Portrett

        50 år, Grieghallen, Portrett, Vinskvetten

        Stolte striler frå Alversund var i Grieghallen i kveld då det aller siste showet til Vinskvetten vart framført.

        Etter 17 utsolgte forestillinger og 26 000 solgte billetter, var det no teppefall for jubileumsforestillingen «Vinskvetten 50 år – bortreist på dagen». Ekstra stas var det jo for oss då vår gode ven og sambygding Claus Sellevoll kom på scena og framførte den legendariske «Gniar`n» (eg tar longe steg før å spara på skona, kver einaste dag går eg inn vel ei krona). Etterpå var det pizza på Peppes for gutta boys. Ein kjekk kveld

        Falma og gult, Fotograf, Fotografering, Portrett

        Dette er Margunn Totland Bakkerud frå Seim.

        Ho kom til meg med eit skulebilde av seg sjølv frå då ho gjekk i 5. eller 6. klasse på Seim skule tidleg på 1960-talet. Bildet var blitt falma og gult, og Margunn ville gjerne friske opp fargene litt om det var mulig. Ho er kledd i ein kvardagsbunad (eller bondepikedrakt), som var sydd av mor hennar Rannveig Totland (1923-2011) på ei gamal Singer symaskin med håndsveiv og utan elektrisitet. Bunaden hadde einsfarga blått liv, litt meir stripete skjørt, og kvitt forkle med bord sydd i same farge som stripene i skjørtet. Det nye bildet vart så fint at ho kjøpte ramme òg, så no står det i veggseksjonen i heimen hennar på Seim. Margunn fortel forøvrig at ho framleis har bunaden og at den ligg `på loftet`.

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Portrett

        I dag var Rønnaug og Rolf Dieseth inne og bestilte ein panorama-forstørrelse.

        Rolf har nyleg hatt 75-års dag, og då fekk han gavekort på familiefotografering frå barn og barnebarn. Rønnaug og Rolf bygde hus i Lyngmarka i Alvermarka i 1982. I 2017 solgte dei einebustaden og kjøpte seg heller ein lettstelt leilighet i Isdalstø. Der har dei fin utsikt med sjø på alle kanter, og ei badestrand rett utanfor stovevindauget. Bildet skal rammes inn med passepartout og kunstglass, og med enkel sort ramme rundt. Det blir nok flott i den stilige leiligheten ved sjøen i Isdalstø. Takk for bestillingen Rønnaug og Rolf, og for at eg fekk lov til å legge bildet ut på Facebook.

        Portrett, Ramme, Success

        Hausten 2023 bygde eg om butikken og fotostudioet, og frå den tid har eg hatt felles lunsjrom med Comfort Knarvik Haugland VVS.

        Då vart eg òg kjent med Marius Hammer Sylta som var rørlegger-lærling hjå Haugland. Tidlig på vårparten sat Marius på lunsjrommet og fortalte meg at han var litt spent, for han skulle snart opp til fagprøven. Eg sa til Marius at hvis du består så skal eg ramme inn fagbrevet ditt gratis, som ein liten gest frå meg. For nokre dager sidan traff eg igjen Marius på lunsjrommet, og då sa han: -Arne, hugsar du kva du sa til meg i vår? Eg måtte tenkje meg litt om, men Marius kjem meg i forkjøpet med sitt lune og sjarmerende smil: -du sa at du skulle ramme inn fagbrevet mitt gratis. Klart eg gjer det, seier eg tilbake. Marius var ikkje fylt 19 år då eg vart kjent med han for første gong, og no står han der som 22-åring, med svennebrev, fast jobb, og sertifikat på både bil og motorsykkel. Er det ikkje flott då… 🙂

        Familie, Familiefotografering, Portrett

        Kjekt at kundene er klar med ein gong eg er tilbake frå ferie. I dag, sjølv om det er søndag, var Torill Akselsen og Sigmund Hagesæter i fotostudio med heile flokken sin.

        Dei har henholdsvis 70 -og 75-års dag i løpet av året, og hadde stor feiring med 60 gjester på Dampen i går kveld. Sonen Magne bur i Bergen med sin familie. Den andre sonen, Kristian, bur i Kristiansand med kone og barn. Derfor var det viktig å få tatt nokre bilder i dag når alle kunne samlast, før Kristian og kona Maren tar fatt på den lange køyreturen tilbake mot det blide Sørlandet. Torill og Sigmund bur på Leiknes og har vore gode kunder hjå meg i mange år. Dei var her og tok familiebilder i romjula 2020 òg, men sidan den tid er det komt ein tilvekst med to nye barnebarn i familien. Det var då eg kom på den vitsen om ho bestemora som begynte med p-piller for ho ville ikkje ha fleire barnebarn. Tog du an

        Familie, Familiefotografering, Fotografering, Portrett, Success

        Her er gjengen som var på fetter -og kusinetreff på Rubbestadneset i går, i huset etter besteforeldra våre Bernt Magnus Stangervaag Solvang (1891-1978) og Maren Kathrine Stokka (1895-1939).

        Vi var 16 stk rundt bordet, 11 søskenbarn og fem partnere. Bak frå venstre: Arne, Bjørn, Dag Inge, Egil, Alf, Terje, Terje og Jostein. Framme: Elisabeth, Maren, Brit, Anne-Marie og Wenche. Heilt fremst sit ungdommene Irene, Eli og Bjørg.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen