0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Portrett

        Portrett

        Oddvar Husa

        I dag har eg hatt besøk av Oddvar Husa (fødd 1943) frå Fedje. Han representerer siste generasjon kvalfangarar frå den vesle øya, og hadde mange artige historiar å fortelje etter eit langt liv som fangstmann. Då dei kjøpte båten «Feie» i 1978 var det fire eigarar og eit mannskap på sju. Alle desse sju var ekte fedjingar. Oddvar fortel at dette var i storhetstida til karane. Heile mannskapet hadde flust med ungar, og alle ville dei vera til stades på hamna då pappaene skulle ut på tokt. Om dei hadde fem ungar kvar så blir det 35, og med vener i tillegg kunne det fort bli opp mot 50 ungar som stod på kaien og tok farvel. Oddvar seier han hugsar ein gong det var ein kontrollør til stades før dei skulle leggja ut frå Fedje. Kontrolløren synes det var heise med ungar til stades, men Oddvar og kompani sa berre at dette var ungane deira. Den gamle fangstmannen lo godt då han fortalde dette. Oddvar er gift med tidlegare ordførar Vilgjerd Storset Husa. De bur fortsatt på Fedje, men har og kjøpt seg ei leilegheit i Knarvik. Takk for praten Oddvar, dette var kjekt og lærerikt.

        Portrett

        «Årets bedrift» i Nordhordland

        Så var det igjen snart tid for overrekking av «Årets bedrift» i Nordhordland. De siste tolv årene har gullsmed Hilde Rongevær vært kunstneren bak produktet som den heldige bedriften mottar, og som skal henge på veggen et eller annet sted som en fin bekreftelse på heder og ære. Like lenge har vi i Studio Nordhordland rammet inn denne utmerkelsen, et nydelig monument over Nordhordlandsbrua håndlaget i sølv. Takk for oppdraget og godt samarbeid Hilde

        Portrett

        Lydia

        I romjulen er det full rulle med familiefotograferinger. I dag var Ann Christin Hoen og Jon Halstein Tjore her med de flotte barna sine. Som en god familievenn tok eg noen raske snapshots av LYDIA når hun var i fotostudio mitt. Første gangen eg fotograferte Lydia var i 1995, da var hun bare ett år. Nå er hun blitt en profesjonell operasangerinne med opptredener både i inn -og utland bak seg. Lykke til videre med karrieren din Lydia. Alltid så kjekt å treffe på deg, smilende og blid som du er.

        Portrett

        Magnhild og Ole Lysø

        Magnhild (fødd 1944) og Ole Lysø (fødd 1940) var i studio hos meg i forrige veke og fotograferte seg. Dei gifta seg i Austrheim kyrkje i 1964, og kan altså feire 60 års bryllupsdag til neste år. Ole kjem frå Averøy kommune på Nordmøre der han gjekk første skuleåret, før familien kjøpte seg gard på Austrheim i 1948. Han fortel at han hadde sjølvaste Peder Leithaug som lærar i 1. klassen, og seinare skulle jo dei begge bli markante personligheter i Nordhordland. Peder (1925-2013) var annerkjent innan song, musikk, og som billedkunstnar. Han var lærar på Nordhordland Folkehøgskule i 25 år, før han i 1980 valgte å satse som kunstnar på heiltid. Ole som kjent fagforeningsmann og lokalpolitikar. Han har vore ordførar i Austrheim kommune i fleire perioder, og vart heidra med KS-medaljen då han gjekk av som ordførar i 2011. Magnhild (fødd Høysæter) kjem frå Grove i Norheimsund, noko som tyder midt i Norheimsund sentrum. Ho hadde ei tante på Austrheim som ho besøkte, og slik vart det til at Magnhild og Ole traff kvarandre. Dei bygde nytt hus på Austrheim i 1968, med kafe oppe og overnatting nede, men budde sjølv vidare i gamlehuset i ti år til. Kafeen vart mykje brukt som selskapslokale av folk i nærområdet, til feiring av runde dagar, bryllupsfester, og andre store begivenheter. Handelsreisande som hadde utpakninger av varer i kafeen overnatta ofte i første etasjen i huset. Magnhild og Ole fekk to søner (1967 og -69), og det har etter kvart blitt seks barnebarn i slekta. Dette var kjekke folk å ha i fotostudio.

        Portrett

        Ivar Medaas

        Rart kva ein finn når ein rydder i arkivet. Dette er frå september 1989. Ein ung Arne Årseth på 28 år fotograferer 51-årige Ivar Medaas. Bildet er tatt med Kodak T-max S/H-film

        Portrett

        Gravidbilder med Aistra

        Det å starte familie er en spennende tid, og flere og flere ønsker å forevige perioden som gravid før barnet kommer til verden. Her er noen bilder jeg har tatt av Aistra og hennes mann Gintaras. Vi gleder oss til å fotografere den nyfødte når den tid kommer. Ønsker dem en fin tid som gravid i mellomtiden 🙂 Er det flere som ønsker gravidbilder, kontakt oss gjerne! Hilsen Veronika, fotograf hos Studio Nordhordland.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen