Familie, Familiefotografering, Fotografering, Kjæledyr, Portrett

I dag var Sigrid Tvedt og dottera Randi her i studio og blei fotografert saman med hunden Bamse.

Randi og Bamse budde mange år på Stord, men var ofte på besøk hjå Sigrid på Fjellsbø ved Hundvin. Der likte hunden seg så godt at han ville ikkje tilbake til Stord. Etterkvart byrja Sigrid å ha Bamse ei veke i slengen, og til slutt solgte Randi på Stord og flytta til Fjellsbø. Sigrid fortel at hunden hoppa og sprang og rulla seg rundt på bøen av rein glede då den var på Fjellsbø. Ikkje nok med det. No har Sigrid fått utlevert over 30 pinnsvin frå ein organisasjon som prøver å ta vare på den utrydningstrua dyrearten (dyreorganisasjonen har namnet Arken). Det hadde aldri vore pinnsvin på Fjellsbø før, men no er dei der i hopetal. Sigrid fortel at dei kjem fram kvar kveld i 23.30-tida då ho mater dei med tørrfor kattemat. Mangler nokre av dei rundt matskåla så går Bamse og henter dei. Han kjem ikkje med dei i kjeften, men står og bjeffer og roter med labben slik at Randi eller Sigrid kan hente dei fram til matskåla. Fantastisk kjekk kvardagshistorie synes no eg