Falma og gult, Fotograf, Fotografering, Portrett

Dette er Margunn Totland Bakkerud frå Seim.

Ho kom til meg med eit skulebilde av seg sjølv frå då ho gjekk i 5. eller 6. klasse på Seim skule tidleg på 1960-talet. Bildet var blitt falma og gult, og Margunn ville gjerne friske opp fargene litt om det var mulig. Ho er kledd i ein kvardagsbunad (eller bondepikedrakt), som var sydd av mor hennar Rannveig Totland (1923-2011) på ei gamal Singer symaskin med håndsveiv og utan elektrisitet. Bunaden hadde einsfarga blått liv, litt meir stripete skjørt, og kvitt forkle med bord sydd i same farge som stripene i skjørtet. Det nye bildet vart så fint at ho kjøpte ramme òg, så no står det i veggseksjonen i heimen hennar på Seim. Margunn fortel forøvrig at ho framleis har bunaden og at den ligg `på loftet`.