I dag har Irene Kristin Mellingen Hamre vore her med flokken sin.
Irene var ei av dei heldige som vann gratis fotografering i samband med ei trekning vi hadde før sommaren. Familien hennar har vore gode kunder hjå meg opp gjennom alle år, noko eg set stor pris på. Då den yngste sonen til Irene, Joachim, var russ i 2009, tok eg bilder av søskenflokken her i studio. For 15 år sidan tok eg familiebilder av heile storfamilien til Ester og Finn Mellingen, berre eit par år før Finn døydde. Denne familien frå Sletta på Radøy er ein samansveisa og familiekjær flokk. Og så har du den fantastiske dottera til Irene då, Mailinn Mellingen Hamre, som det virkelig står respekt av. Mailinn har ein utrulig historie å fortelje. For dei som er interessert vil eg anbefale å sjå God Morgen Norge på TV2 om ein månads tid, nærare bestemt lørdag 5. desember. Der skal Mailinn vera gjest og fortelje si sterke historie med eigne ord. Det skal hvert fall eg sjå. Takk for ei fin stund i studio alle saman, og takk for at eg får dele ein liten smakebit her inne på Facebook. Denne gjengen kan du vera stolt av Irene.






