Band, Dansemusikk, Portrett, Success

I går fotograferte eg «Voksne herrers orkester» i Knutaløo på Fyllingsnes, og i dag vart gruppa Success fotografert i undergangen ved Knarvik Senter.

Sist eg fotograferte Success var i 1998, så no synest karane at det etter kvart var på tide med eit nytt bilde. I -98 var det Kjell Anders Reigstad, Bengt Sundsbø og Werner Blomberg som utgjorde trioen. No er det Anne Hauge på vokal som er bandet sitt trekkplaster. Success med Anne Hauge opptrer på «To Katter På Loftet» i Knarvik lørdag 11. oktober. Då er det berre til å stille om du vil ha deg ein svingom til Success og Anne Hauge sine svingande toner.