0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong

      Kvamsvåg-helg 19-20.aug

      Lørdag og søndag var det kunstutstilling og boklansering i Kvamsvågen. På lørdag var det eit privat arrangement med inviterte gjestar, medan søndag var eit ope arrangement for heile bygda. Det vart heldigvis fint vær, og oppmøte var over all forventning. Boka om Kvamsvåg blei godt motteke, og det vart solgt over 100 bøker. Her kjem eit utval bilder frå den kjekke helga.

       

      Lørdag

      Helge opna Kvamsvåg-arrangementet med å synga den flotte visa til Ivar Medaas ` Dar kjem dampen`.

      Kunstutstillinga i sjøhuset vart formelt opna av Signar Kristoffersen.

      Det var god stemning i sjøhuset, og gjestane fekk kvar sin velkomstdrink.

      Munter passiar mellom Petter, Claus og Arne.

      Bente og Petter

      Gro og Claus

      Arne og Eli

      Mette og Signar

      Elin og Inge

      Kurt hadde med seg gitaren sin.

      Thorolf, Tor-Christian og Ole Christian er etterkomarar frå Kleivdalslekta.

      Rigmor og Tor-Christian.

      Birgit og Ole Christian.

      Per Henning og Bjørg.

      Eirik W. Astrup og Mette Marei Træland var kunstnarane bak utstillinga i sjøhuset. I bakgrunnen ser du notbua som tilhøyrde Bergen Fiskeriselskap.

      Rune, Eva og Helge i sofaen. Dei har lenge vore gode vener

      Intimkonserten til Rune var god å høyra på i den ærverdige villaen.

      Pianist Rune backstage med ein flott bukett jenter.

      Det vart god stemning i Kleivdalhuset utover lørdagskvelden

       

      Søndag

      Mykje folk var møtt opp då Helge Haugland opna eigedomen sin for bygdefolket.

      Grete var sjef for servering av kaffe og kaker.

      Det var kaker med bilder frå boka på marsipanlokket.

      Helge var den første som fekk boka frå Arne.

      Rune Alver er ein anerkjend pianist med lokal bakgrunn, fødd og oppvaksen i Alverstraumen.

      Veronika stod for boksalet og såg til at alt gjekk rett føre seg.

      Det var knytt mykje spenning til boka om Kvamsvåg. Her er det Borghild Sætre som blar i boka.

      Shopping Cart

      Adresse

      Kvassnesvegen 17

      5914 Isdalstø

      Kontakt

      Følg oss

      © Copyright 2024 Studio Nordhordaland | Levert av Magnesen Media

      Scroll to Top