0
    0
    Din handlekurv
    Handlekurven din er tomGå tilbake til butikk
      Beregn frakt
      Bruk kupong
        Andre bøker fra Arne Årseth

        Bobla som kom tilbake til Alversund.

        Entusiasten Magne Legernes fekk kjøpe tilbake VW-bobla som familien hadde i oppveksten hans. Far til Magne, Odd Legernes, kjøpte bilen ny hjå ein bilforhandler i Fredrikstad 13. mai 1960. Karin og Odd Legernes hadde fått to barn, Ole og Tove, då dei flytta til Alversund og han byrja som ny sjef ved Nordhordland Kraftlag 1. januar 1964. Sidan det var vinter då dei flytta vestover, vart bobla sendt med tog over fjellet.

        Som driftsstyrar ved kraftlaget disponerte Legernes ein annan bil og, ein VW 1600 Variant. Derfor blei bobla mest brukt som «konebil» av Karin. I 1965 fekk dei barn nummer tre, Kirsti, og i -67 kom yngstsonen Magne til verda. I 1978 bygde Odd og Karin hus i Alvermarka, og då blei det ikkje lenger plass til den gamle bobla som var utgått på dato. Kameratane Geir Arne Fossdal og Magnus Ole Eide gjekk på gymnaset saman med Tove, og dei fekk overta bilen for ein rimeleg penge. Den var registrert fram til 1982, og blei sidan ståande i ein garasje på Eikanger.

        For nokre år sidan såg Magne at bilen var til salgs på Finn.no, og etter litt betenkningstid slo han til og fekk bobla heim att til Alversund der ho høyrer heime. No er den fullt restaurert, fått satt inn ny motor, og lakkert tilbake til den originale fargen (mango grøn metallic). Til og med det Fredrikstad-registrerte skiltnummeret er komen på plass. I hanskerommet ligg det gamle ferjekort og andre symbolske ting frå tida då den mango-grøne VW bobla sist køyrde på vegane i Nordhordland. Kjekt å få seg ein køyretur i kveld, som passasjer i den sjarmerende gamle bilen eg hugsar så godt frå min eigen barndom heime på Tveiten i Alversund.

        Handlekurv

        Adresse

        Kvassnesvegen 17

        5914 Isdalstø

        Kontakt

        Følg oss

        © Copyright 2026 Studio Nordhordland

        Skroll til toppen